Hjem / I naudsfall



I naudsfall

Ørsta Røde Kors Hjelpekorps har beredskap heile året.

Skulle du trenge hjelp, uansett når eller kvar du er kan du gjere to ting:
Ring politiet 02800, eller i nødstilfelle ring Medisinsk nødtelefon 1-1-3.



Naudplakat i tilfelle ein må ringe etter hjelp.

I alle situasjonar der ein treng hjelp frå andre er tida ein veldig viktig faktor.
For å hjelpe ambulanse, politi eller Hjelpekorps å finne fram til deg i eit nødstilfelle, kan du her lage deg ein plakat med GPS koordinatar, kart og dei viktigaste nødnummera.

Lag din eigen naudplakat

 

1 - Klikk først på linken her.

2 - Zoom inn på kartet til du finn hytta eller det området du skal opphalde deg i.

3 - Klikk på det raude korset i menylinja over kartet.

4 - Merk så av det punktet du du vil ha koordinatane til.

5 - Klikk på "Klikk her for å starte Naudplakaten" heilt til høgre på sida for å laste ned plakaten i PDF format.

6 - Skriv ut og heng opp på ein godt synleg plass i hytta e.l.




Fjellvettreglane

Vertilhøva i fjellet endrar seg raskt, og det er viktig å vere førebudd på dårleg ver.
Uansett om du har mykje eller lite erfaring med fjell og friluftsliv, er det alltid lurt å ha fjellvettreglane i bakhovudet.

1 - Legg ikkje ut på langtur uten trening.

2 - Meld frå kvar du går.

3 - Vis respekt for været og vermeldinga.

4 - Lytt til erfarne fjellfolk.

5 - Vær rusta mot uvær og kulde sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk og det utstyret som fjellet krev.

6 - Bruk kart og kompass.

7 - Gå ikkje aleine.

8 - Vend i tide. Det er ingen skam å snu.

9 - Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om nødvendig.


Les meir utførleg om reglane på Den Norske Turistforening sine sider.


Byvettreglane


Vertilhøva i bystrøk endrar seg ikkje like raskt som i fjellet. men det er andre ting som er viktig å passe på.


1 - Legg ofte ut på bytur - også uten trening. Det er mye uoppdaget rundt deg 

2 - Meld fra hvor du går, og spør om noen vil bli med. Mange blir spurt alt for sjelden 

3 - Følg med på været og værmeldingene. Tilpass aktiviteten etter forholdene 

4 - Utforsk byen og alt den har å by på, men vær rustet mot skuffelser og tilbakeslag. Ikke alt kan lykkes hver gang! 

5 - Lytt til erfarne byfolk. Alle setter pris på å dele erfaringer og kunnskap med andre 

6 - Bruk ditt indre kart og kompass - og legg merke til mennesker rundt deg. Er det noen rundt deg som går alene, eller som kanskje bærer litt for tungt? 

7 - Gå ikke alene for lenge 

8 - Oppsøk en venn i tide. Det er en skam å snu ryggen til 

9 - Spar på kreftene, men ikke på gledene

 

Les meir om byvettreglane i Sunnmørsposten

 


 

Snøskred

Snøskredfaren kan til tider vere stor i området vårt.
Sjekk faregrad og siste snøskredvarsel på Snøskred.no


Blogg og andre nyhende

Røde Kors bloggar på VGnett: http://rodekors.vgb.no/




Hjelp oss å hjelpe!