Hjem / Ungdom



Ungdom

Røde Kors Ungdom er starta opp igjen!



UNGDOMMEN NÅ TIL DAGS

- Det er gudskjelov oss det!


Onsdag 30.januar 2008 starta vi opp Røde Kors Ungdom i Ørsta igjen.
Det var fire oppmøtte og det vart vald eit styre.


Slik blei styret:
Leiar: Endre Henriksen
Nestleiar: Ruben Andrè Salhus
Styremedlem: Svein-Ivar Sætre

Dersom DU har spørsmål, eller vil vere med, ikkje ver redd for å ta kontakt! (Kontaktinformasjon)


 

Bilde frå distriktsårsmøtet i Geiranger 24. - 26. april 2009:

DSCN0651.JPG DSCN0655.JPG

Sven Mollekleiv, president i Røde Kors likte godt arbeidet til Røde Kors Ungdom.




Dette er ei stor muligheit for akkuratt DEG!
Røde Kors Ungdom er for alle mellom 13-30 år!


Røde Kors Ungdom arbeidar for å bekjempe urettferdigheit og fremmje forståelse og toleranse.
Vi seier tydeleg ifrå når respekta for menneskeverd blir krenka.
Vårt engasjement og våre handlingar skal gjere verda til ein bedre stad!

Kvifor bli med?

Den enkelte frivillige sin innsats tell.
Saman er vi verdas største humanitære organisasjon.
Frivilligheit er både drivkraften og limet i Røde Kors-foreningar verda over.

Når du blir med i Røde Kors Ungdom vil du sjå at frivilleg arbeid nyttar.
Du bekjemper fordommer og rasisme gjennom rollespelet På flukt.
Du får ungdom til å ta aktive valg i forhold til si seksuelle helse.
Du sprer kunnskap om katastrofer og får flere til å hjelpe ofera.
Dette er berre noko få av mange eksempel.

Fordi det nyttar!




- "Ungdom snakker best med ungdom.
Slik setter vi fokus på viktige humanitære spørsmål.
Når du ser at ditt engasjement påvirker verden rundt deg, så skjønner du at det er verdt det"
seier Roy-André Sørheim, nestleiar i Røde Kors Ungdom.