Hjem / Hjelpekorps



Ørsta Røde Kors
Hjelpekorps


Terminlista er oppdatert 31. august 2010

Vil du ha meir info om hjelpekorpset sine forskjellige aktivitetar kan du få dette på fylgjande måtar:
Epost: Send ein epost til hjelpekorps@orstarodekors.no med postadresse, mobilnr eller epostadresse så vil vi ta kontakt via den måten du ynskjer.
 
Hjelpekorpset har stort sett korpsmøte i Røde kors huset kvar mandag 19:00 - 21:00.

Om du lurer på om Røde kors er noko for deg, kan du då få svar på ting du lurer på om Ørsta Røde kors og dei forskjellige avdelingane.

Du går då opp trappa, inn til høgre, rundt hjørnet og inn døra.
 Når du har passert sofagruppene går det ein gang inn til venstre, der er dei forskjellige kontora.

Vi treng deg, møt opp!


Klatring

Kvar tirsdag kl. 19:00 leiger Hjelpekorpset klatresiloen i Volda.
Alle medlemmar av Ørsta Røde Kors som vil kan då møte opp og få prøve seg på litt klatring.

Hjelpekorpset har noko utstyr som ein kan få låne for dei som skulle trenge det.

Vi vonar at flest mogeleg vil nytte seg av dette tilbodet!:)

Etter kvart vil vi også prøve å få flest mogelege av dei som klatrar til å ta "bratt kort".
Dette er eit krav for folk som klatrar i siloen sine opningstider, men ikkje for oss som leiger.
Til tross for dette ser vi det som positivt om flest mogeleg vil ta dette kortet.
Les meir om Bratt kort her

For meir info kontakt Kristin.

Sjåast i siloen :)



Ice breidband

Norges Røde Kors hjelpekorps har inngått avtale med Ice om levering av gratis breidband til alle hjelpekorps i Noreg.
Vi har no bestilt ein router, men ifølge dekningskartet er det begrensa dekningsgrad i området vårt.

Meir info på Ice.no

Hjelpekorps/Dekningskart_Ice_th.jpg
Dekningskart Ice.no



Rapportar frå gjennomførte rednings-/ leiteaksjonar finn du ved å klikke her.

Info om andre aktivitetar hjelpekorpset har vore med på/arrangert finn du her.





For å ta kontakt med hjelpkorpset, send epost til hjelpekorps@orstarodekors.no