Hjem / Røde Kors hytte



Røde Kors aktivitetssenter

Her vil det etter kvart bli lagt ut oppdatert informasjon om prosjektet vårt med å bygge hytte/aktivitetssenter på Standaleidet.

Grunnavtalen vart underskriven 11. april 2008 på Standaleidet.

Sunnmørsposten sin artikkel om saka.


Hyttenemnda:

Leiar: Knut Olav Standal
knut.standal@oyehaug.no
tlf. 9085 1860


Erling Øren
Helge Vatne
Marit Strand
Vidar Stokke

 

Nemnda for Røde Korshytte på Standaleidet ønskjer tilbakemelding på behov/ynskje frå dei forskjellige avdelingane.

Her kjem opplista nokre forhold de ikkje treng å ta omsyn til ved gjennomgang av spørsmåla under.

Hytta vil i utgangspunktet bli bygd i samsvar med reguleringsplanen. I dette ligg det m.a. avgrensingar på bygd areal , såkalla BYA, med 300 m2 grunnflate.  
Nemnda ser føre seg ein kjellaretasje med ulike lager- og tørkerom, samt hunde- og skistall. Støypt etasjeskille mellom kjellar og hovudetasje.
I hovudetasjen blir alle sentrale funksjonar som kjøkken, matrom, møtesal, møterom, stove, sanitærrom samt ein del soverom. Hovudetasjen blir handikaptilpassa i samsvar med byggjeføreskrifter.
Hytta skal byggast med såkalla saltak (mønetak) og oppstugu. Oppstugu betyr loft med 90 grader på mønetaket og dette kan maksimalt utgjere 1/3 av grunnflata, dvs 100 m2. Loftet vil truleg bli nytta til soverom og loftstove.
Hytta vil ha ca. 30 sengeplassar og møtesal til ca. 50 personar, men skal også vere/bli koseleg for ei mindre gruppe på for eksempel 6-10 personar.

 

Spørsmål:
Nemnda ønskjer realistiske tilbakemeldingar frå dykkar gruppe/avdeling samla!
Svara kan vere korte eller utfyllande.

• Kva aktivitetar ser di avdeling for seg å ha på hytta?
• Møterom /undervisingsrom/stove. Kor mange personar vil de vere vanlegvis og maksimalt? 
• Kor mange personar til bords? 
• Spesielle behov som følgjer deltakar (funksjonshemmingar mm)?
• Kor stort behov for sengeplassar vil de trenge?
• Behov for sengeplassar for deltakarar med funksjonshemming? Kor mange?
• Tankar om aktivitetar utanom eiga avdeling, som hytta bør vere eigna for?
• Spesielle krav til utstyr og rom? 
• Utforming av hytta. Er det rom som kan kombinerast til fleire aktivitetar?
• Ønskjer og tankar de har for uteområdet?
• Er det behov for frittståande uthus/garasjar? I så fall kor store? 
• Andre forhold nemnda bør ta omsyn til?

Nemnda ber om at spørsmåla blir lufta både i avdelingsstyra og i ordinære møte i avdelingane, og ber om skriftleg tilbakemelding innan 15. juni 2009.

 


Generell info;


Å bygge “Røde Kors Aktivitetssenter” på Standaleidet er ei stor utfordring!

Vi skal bygge ei stor hytte i eit svært vakkert naturområde. Dette vil være med å prege området, og det skal difor leggast stor vekt på estetikk og utforming.
Vår hytte skal ikkje stå som ein “skamplett”!

Det skal verte eit aktivitetssenter til glede og nytte både i kort og lang framtid. Og det kjem til å bli brukt mykje pengar som også våre etterkomarar skal være med å betale.

Utfordinga er derfor stor; både utvending utforming av hytte og eigedom og å sørge for plass til våre aktivitetar i eit triveleg og praktisk bygg.

Utover vinteren og våren vil vi samle idear og synspunkt. Så mange som råd.

Deretter vil vi starte arbeidet med å lage eit romprogram der vi beskriv kor stort vi skal bygge, kva rom vi skal ha og korleis rom skal vere utforma og plasserast i høve til kvarandre.

Samtidig skal vi beskrive kva funksjonar vi skal ha utvending; parkering, grillplass, utandørs samlingsplass, etc.

Når dette er på plass startar arbeidet med å lage teikning av hytte og uteareal.

Målet er å kunne sende byggesøknad vinteren 2008-2009, Og kome i gang med grunnarbeidet våren 2009.

Så kom med alle tankar og idear du måtte ha om prosjektet! Og det er no det gjeld!

Dette kan gjerast på fleire vis:
Epost: hytte@orstarodekors.no
Diskusjonsforum

Kart over tomta vår får du ved å klikke her.
Her finn du også alle kommunale dokument om saka.